Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Tyde dato ved konfirmantinnførsler – Tinn 1759/1760 – Dom. Misericordias Di.??


Recommended Posts

Skrevet (endret)

Eit siste detaljspørsmål frå meg om denne protokollen 1757–1810.

 

Ved konfirmantinnførslene i 1759 og 1760 er dato ført som Dom. Misericordias Di. Eg trur iallfall det siste er Di., og at det i så fall er avkorta for Domini = sundag. 

 

Men er ikkje dette smør på flesk? Det står jo Dom./Domini  framføre Misericordias.

 

Tinn kirkebøker, SAKO/A-308/F/Fa/L0002: Ministerialbok nr. I 2, 1757-1810, s. 490-491
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061211340218
 

IMG_8436.JPG

Endret av Anfinn Bernaas
Skrevet
35 minutter siden, Anfinn Bernaas skrev:

Ved konfirmantinnførslene i 1759 og 1760 er dato ført som Dom. Misericordias Di. Eg trur iallfall det siste er Di., og at det i så fall er avkorta for Domini = sundag. 

 

Men er ikkje dette smør på flesk? Det står jo Domini fullt ut framføre Misericordias.

 

Ja og nei ...

 

Først: "Dom."= "Dominica" = sundag.

Namnet kjem av innleiinga (latin "introitus"): I den katolske kyrkja song ein dette under prosesjonen inn; I den luterske las ein det i byrjinga.

Innleiinga inneheld gjerne eit vers frå ein av lesetekstane; for 2. sundag etter påske var det Sal.33.5

“Misericordia Domini plena est terra” - eller "av Herrens miskunn er jordi full." (Bibelen 1938)

 

 

Skrevet

Takk igjen. Men denne avkortinga Di., som eg trur det står, les du denne som eg gjer?

Skrevet

iallfall i 1759 les eg "Dni"  - som kan vere forkorting for "Domini" (latinske forkortingar er ofte starten og slutten på ord).

I 1760 ser det ut til at det også er prikk (over ein i), men i så fall er n-en redusert.

 

Same i dåpslista - men like vanskeleg å sjå nøyaktig : https://www.digitalarkivet.no/kb20061211330667

 

  • Liker 1
Skrevet

Jeg tror presten her mener det skal stå

Dominica misericodia Domini

som altså betyr Søndagen for Herrens barmhjertighet

 

Se også 1770, der siste ord er forkortet Dom.

Tinn kirkebøker, SAKO/A-308/F/Fa/L0002: Ministerialbok nr. I 2, 1757-1810, s. 494-495
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061211340220
 

  • Liker 1
Skrevet

Eg takkar så mykje for interessa! Eg har lært av ordvekslinga at Dom. altså kan vera avkorting for både Dominica (sundag) og Domini (Herren), og det er verdfull kunnskap å ta med. 

Skrevet
37 minutes ago, Anfinn Bernaas said:

Domini (Herren)

Ja, men merk at Domini er genitiv, altså Herrens. Nominalformen er Dominus

  • Liker 1
Skrevet

Så er selvsagt også betydningen av ordet for søndag, Dominica, «Herrens dag», så det er ikke tilfeldig at forkortelsene blir like.

  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.