Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Ole Olsen Haukenes, død 14 dagar gammal i 1734?


Recommended Posts

https://media.digitalarkivet.no/view/11564/172

På venstre side finn eg dåpen til Ole Olson Haukenes, men midt på høgre side har eg noko som eg tolkar som at han er død 14 dagar gammal. Kan det stemma? Eit latinsk ord der eg ikkje skjønte. Ex.......

Fint viss nokon vil tolka dette.

Mvh

Anne Marie B Øyri

Ja det stemmer.

Døypt "Dom Misericord[ia]" (2. sundag e. påske; 9. mai)

 

"Dom 11da post Trin." (5. sept) "exseqviae [*] Olaj Haukenæss - 14 dage"   (kan lesast som "Hankenæss")

* tyder "det å følgje liket", likferd, gravferd, seier ordboka.

Det er helst snakk om jordfestinga, altså embetshandlinga, - ikkje gravlegginga, som familie og grannar tok seg av.

Endret av Ivar S. Ertesvåg
8 minutter siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

Takkar. Og sep er det også jordfesting? Andre stader står det funeral så det er jo greitt, men byrja lura på desse andre orda.

"sepulcrum" er grav, og "sepultio" er gravlegging.

"funebris" og "funeralis" er gravlegging og det som høyrer til;  tydinga er meir i retning av seremonien. 

- framleis etter ordbøkene.

 

Eg ser han også skriv "seremonum exseqviae" i somme tilfelle.

 

Kyrkjeboka er register over presten sine embetshandlingar; same kva ord han nyttar, er det nok det det er snakk om.

Då er det to å velje mellom:  jordfestinga (obligatorisk og gratis) og likpreike (etter ønkskje og betaling frå slekta).

Det er ikkje alltid like enkelt å sjå kva for ord han har brukt om likpreike.

 

 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.