Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Petra Johansen, fødd 4.sept. 1888 i Stamnes, Lofoten, kor blei det av henne etter 1925?


Recommended Posts

Petra Jakobie Antonette Johansdatter blei fødd i Stamnæs, Lofoten, 4de september 1888. Siste gongen eg finn henne er i kommunal folketelling for Trondheim 1.november 1925. Ho er då ugift husholderske og fødd 1889, ikkje 1888. Namnet vert då skrive Petra Jakobine Antonette Johansen.

 

I juni 1925 vert det fødd ei jente ("uekte") i Frosta prestegjeld som får namnet Mary Bertine. Som mor til jenta står oppført pike, husbestyrerinne Petra Johansen. Fødselsåra på både mor og far er truleg feil. Diverse tilhøve gir grunn til å tru at denne Petra Johansen er identisk med førstnemnde Petra Jakobie Antonette Johansen. Kor blei det av denne Petra Jakobie Antonette etter 1925, når døydde ho?

Hei Ragnhild. Dette var jo interessante opplysningar. Men eit par kommentarar:

a. Her har Petra etternamnet Olsen. Då ho vart fødd, framgår det at far hennar heitte Johan Olsen. På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet brukte dei både den gamle skikken med etternamn etter førenamnet til far og den nye skikken med etternamn etter etternavnet til faren. Min farfar fødd i 1862 kalla seg først Berge Olsen etter faren Ole Meling, men sidan kalla han seg Berge Olsen Meling, til slutt berre Berge O. Meling. Vår Petra Jakobie Antonette må ha brukt 3 ulike etternamn: Johansdatter, Johansen og Olsen!

b. Så er det litt rart med denne fødselsdatoen. Det er jo ikkje til å misoppfatta at ho vart fødd 4.september 1888, og døypt i oktober same året. Dette årstalet stemmer og med det som er oppgitt i folketellinga for Røst i 1891. Men frå og med folketellinga 1900 ser det ut til at dei bestemt seg for fødselsåret 1889.

Det er ingen tvil om at det er riktig dame som blir gift i 1945 og dør i 1969: https://www.nb.no/items/b25c643ce05876d3f9febc513333d368?page=471&searchText=«Nils linde»~1

 

Kilden Døde 1951-2014 har stokket om på fødselsdag og -måned.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.