Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Søkjer eit skifte etter Anne Knutsdatter Eide, Austefjorden i Volda - datert 20. sept. 1720


Recommended Posts

Busetnadsoga for Volda bind 3 - Høydalen – Austefjorden – Hjartåbygda side 386 under brukaren 1-4 Sjur Hanss. fortel at det vart utført eit skifte etter Sjur sin kone Anne Knudsdatter, og dette skal vere utført 20.9.1720.

 

Etter det eg kan forstå så er ikkje dette skiftet å finne i nokon av skifteprotokollane (håpar eg tek feil!). Kjenner nokon til dette skiftet og evt. kvar ein kan finne det? Eller er dette eit tilfelle der skiftet er vist til i ein annan samanheng og ikkje er innført i nokon protokoll?

 

Skiftet er ikkje vist til i skiftet etter enkjemannen Sjur i 1727

eide.png

2 minutter siden, Morten Sylte skrev:

Busetnadsoga for Volda bind 3 - Høydalen – Austefjorden – Hjartåbygda side 386 under brukaren 1-4 Sjur Hanss. fortel at det vart utført eit skifte etter Sjur sin kone Anne Knudsdatter, og dette skal vere utført 20.9.1720.

Vel... det står vel ikkje at det var skifte etter Anne.

Det står at det er eit skifte som fortel at Anne var død på dette tidspunktet. Det kan vere eit skifte der Anne ville vere arving, men borna arva i hennar stad fordi ho var død.

Det kan også vere eit samfrendeskifte (alle arvingar myndige) som er referert i panteboka/tingboka som gjeld fast eigedom.

Så bra du påpeikar dette. Sjølvsagt har du rett ...

 

Eg kjem i alle fall eit steg nærare i form av dette skøytet frå Anders Sjursen Eide (Sjur og Anne sin son) datert 20. febr. 1720. Anders sel det han hadde fått i arv i garden Torvik etter mor si til morbroren sin Mads Knudsen Torvik.

 

Anne Knudsdatter må difor vere død før denne datoen.

 

Sunnmøre sorenskriveri, SAT/A-0005/2/2C/L0001: Pantebok nr. 1, 1707-1724, s. 80
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl20080929650084

 

"som mig efter min Sal: Moder Arvelig er tilfalden"

 

 

Ser ein på datoane kan ein kanskje tenkje seg at det kan ha skjedd ein misstyding her ein kvan stad.

 

Skøyte, og ikkje skifte. 20. februar, og ikkje 20. sept. ...

 

Tek eg feil så etterlysar eg fortsatt det eventuelle skiftet der Anne skal vere nemndt, enten som arvelatar eventuelt som avdød arvemottakar.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.