Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Gjert Davidsen, Kroken, Luster


Recommended Posts

Skrevet

I ein diskusjon på brukerforumet i 2016-18 blei denne personen diskutert. Gjert Davidsen finn me som 3 år gammal gut i Luster ved folketeljinga i 1801, saman med familien sin. Lars E. Øyane skriv i diskusjonen på brukerforumet at Gjert blei gift i 1828 med Kirstina Jansdotter og fekk 8 barn med henne. Kva år Kirstina døydde, er usikkert, men Gjert blei iallfall gift opp att i 1860. Så finn me ein Gert Davidsen som dør i Strinda, Trondheim i desember 1864. Dette må vel vera vår Gjert, sjå nedanfor? Kor blei det elles av Kirstina Jansdtr.?

 

image.thumb.png.d26d44c0405839d7fe8007a799502d01.png

 

Ein kjenning av underteikna stammar frå Mari Gjertsdatter. Denne jenta blei døypt i Luster 8.oktober 1820, med mor Giörond Sjursdatter Houge, vist nedanfor. Så står namnet Gjert Davidsen (Davesen) Krogen oppført. Eg har vanskar med å lesa all teksten her, men det kan vel sjå ut som om denne Gjert D. står oppført som far til Mari? Har elles prøvd å finna fleire opplysningar om Giörond Sjursdatter, men har ikkje lukkast. Er det nokon som kan finna opplysningar om henne, så er det fint.

 

image.thumb.png.4b57adcb4f57e4820c160320495a6462.png

 

Har elles prøvd å finna konfirmasjonen til Gjert, men finn han ikkje. Då Mari giftar seg i Kinn prestegjeld i 1846, står faren oppført som Gjert Davidsen Krogen.

Skrevet

For ordens skuld

 

Skrevet
3 timer siden, Reidar O. Meling skrev:

Så finn me ein Gert Davidsen som dør i Strinda, Trondheim i desember 1864. Dette må vel vera vår Gjert, sjå nedanfor?

Ja, og i klokkerboka står det tydelig "af Hafslo" https://media.digitalarkivet.no/view/16290/282

 

Skrevet

Mange takk til Jostein og Lars for viktige kommentarar til mitt innlegg!

Skrevet

Hei, eg har ei anna utfordring her. Jenta Birte Susanna Axelsdtr. vert døypt i Kinn prestegjeld i året 1809. Faren heiter Axel Olsen Hovland, men kva heiter mora til Birte Susanna?

 

image.thumb.png.097622a912594bc36de3d472461c1f32.png

Skrevet

Tror det står

Racel Carstens Datter

Vanskelig uten link til innføringen!!!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.