Arne Natvik Posted August 20, 2023 Posted August 20, 2023 Prøver å finna foreldra til Orlaug Berntsdotter. Ho vart gift 13.07.1732 i Årdal med Eirik Olson Moen (1670*-1743). (Frå kyrkjeboka: Erik Olsøn med Aarloug Berents Daattr.) Dette var 2. ekteskapet til Eirik. Dei hadde 4 born: 1. Lisbet (1732-1816). Døypt 11/5. 2. Gjertrud (1735*-1818). 3. Eirik (1738*-). 4. Ola (1741*-). Finn ikkje fødselen til Orlaug i avskrifter av kyrkjeboka. Kyrkjeboka er nok mangelfull. I Knut Bryn si masteroppgåve om Årdal Kobberverk finn eg to aktuelle Bernt: 1. Bernt Larsen Huken (før 1695-1712*). 2. Bernt Markussen Nordfjord (1680-talet-1718). Finn ingen dokumentasjon som tyder på at ein av desse er faren.
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now