Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Dato for dåp og gravferd i 1713


Recommended Posts

Skrevet (endret)

Dåpane må vere "Fest Michelis udj Fierland" - altså mikkelsmesse, 29.sept.

 

Det står at jordfestinga er "Dm. XXII post Trin. i Fresvig", 22. sundag etter trieining; i 1713 var det 12. november

Men... det må vere feil.

Innførsla før er "Dm . XVI post Trin" (16. sundag; 1. oktober), og dei to neste er 14. okt og "Dm . XVIII post Trin" (18. sundag; 15. oktober),

så då ser det nok skrive feil "XXII" for "XVII", altså 17. sundag e. trieining (8. oktober).

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Skrevet

Takk skal du ha. Eine dottera vart oppattkalla etter mora. Ser ut til at ho kanskje har døydd like etter dåpen til dei to. Var ho død ved dåpen så hadde vel jordfestinga vore samstundes.

Skrevet
5 timer siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

 Var ho død ved dåpen så hadde vel jordfestinga vore samstundes.

Nei, ikkje i dette tilfellet.

 

Barnedåp skulle vere innan 8 dagar. Altså fødsel tidlegast 22. sept.

Så måtte dei møte opp der det var gudsteneste innafor desse 8 dagane. Her ser vi at dei for til Fjærland mikkelsmesse.

Dersom fødselen var tidleg nok, kunne dei valt å fare til Tjugum 15.s.e. tr. (24.sept). 

Neste gudsteneste var Rinde 16.s.e.tr. (1.okt), så 17.s.e.tr. (8.okt) ved Fresvik.

 

Jordfesting var ved den kyrkja avdøde høyrde til. Her skjedde det ved første høve i Fresvik, 17.s.e.tr.

Då hadde det ikkje vore gudsteneste der sidan 13. s.e. tr. (10.sept).

Skrevet

Takk for grundig svar. Her fekk eg vita mykje som var nytt for meg.

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.