Jump to content
Nasjonalarkivet

Kva la ein i uttrykket "påkommende tilfelle" ?


Recommended Posts

I eit dokument frå 1970-talet er det snakk om ein veg som i hovudsak skal vere stengt for gjennomkøyring, men det skal vere rom for å kunne køyre "i påkommende tilfelle". 

Er det nokon som kan gje ein definisjon på kva dette ordet innebar?

 

  • Like 1
7 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

https://ordbokene.no/nno/bm/påkommende

Ordet/orda finst også i samanhengen "komme brått på".

Takk for lenka til bokmålsordboka - som faktisk gjev ein annan nyanse enn nynorskordboka.

Bm "Når det er nødvendig" kontra Nn "Når det trengst"  oppfattar ikkje eg som like strenge vilkår. Døme, som ikkje er henta frå spørsmålsbakgrunnen min:  Om du har hytte 100 meter frå felles parkeringsplass, kan det vere kjekt å køyre bagasjen til hytta i staden for å bere.

 

Eg vil ikkje oppfatte dette som "påkomande tilfelle" med bokmåls-forklaringa, men meir usikker med nynorsk-versjonen. Derimot - å få på plass ny kjøleskåp når den gamle sviktar, vil eg seie er påkomande.

 

 

 

 

 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
  • Like 1

"I tilfelle noe uventet skulle skje", ifølge Det Norske Akademis ordbok. 

 

https://naob.no/ordbok/påkomme

 

Men hvor uventet og alvorlig må en slik hendelse være? Er bruk av veien berettiget dersom andre atkomstveier er tatt av ras? Eller om de ikke er brøytet?

 

 

  • Like 1
14 minutter siden, Dag F Gravem skrev:

"I tilfelle noe uventet skulle skje", ifølge Det Norske Akademis ordbok. 

 

https://naob.no/ordbok/påkomme

Takk for den! Det understøttar i alle fall at køyring av bagasje - som i mitt tenkte døme - ikkje er "påkomande".  Derimot kan kjøleskåpa vere det.

Edited by Aase R Sæther - Gloppen
  • Like 1
1 time siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev:

Takk for lenka til bokmålsordboka - som faktisk gjev ein annan nyanse enn nynorskordboka.

Bm "Når det er nødvendig" kontra Nn "Når det trengst"  oppfattar ikkje eg som like strenge vilkår. 

 

Då kan vel målform og stil ha noko å seie.  Tittelen tyder på ein bokmålstekst. - og det er kanskje heller snakk om ein konservativ variant og ikkje radikalt bokmål?

Og det er ordbøker frå 1970-talet eller før, som er aktuelle.

"Bokmålsorboka" kom i 1986 (og den elektroniske utgåva kan vere endra sidan det).

"Det norske akademis ordbok" (som Dag lenkjar til) kom i 2018, og byggjer på "Norsk Riksmålsordbok", 1937-59 (m 2 tilleggsbind, 1995).

Der står det (i b. II.1, 1947 )" litt. foreld., (særl. om noget ondt ell. ubehagelig) opstå; forefalle; inntreffe; komme på." i paakommende tilfælde (Ibs. SV. XV 213)

 

https://www.nb.no/items/18255621478a9db8ec72b27483dd6d75?page=475&searchText=påkomme

 

Det spørs om ikkje gjennomkøyringa må avgrensast til nauds- og sær-tilfelle: sjukdom, annan veg mellombels stengd (når det vanlegvis er alternativ veg),

spesiell transport om det ikkje finst annan veg (større byggevarer, kanskje nytt kjøleskap?),  m.m.

 

Elles - om det "dreg seg til"... 

Det er ein omfattande rettspraksis for rettsstridar mellom grannar.

Det finst sikkert noko for slike tolkingar. Juristane ville sikkert søkt gjennom Rettstidende og Lovdata etter noko liknande.

 

Edited by Ivar S. Ertesvåg
  • Like 2

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.