Jump to content
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Hei!

Eg er oppvaksen på ein gard i Tysvær, bur framleis på eit utskild tomt frå denne garden. Prøver å tyde pantebok for garden sidan garden gjekk ut av familien nokre år i perioden 1912-1923. I desse dagar samlast etterkomarar til treff.

Kan nokon hjelpe med å tyde panteboka? Vanskeleg både med skrift, og ikkje minst overstrykingar.

 

Mvh Kirsten S. Rolland f. Apeland

 

https://media.digitalarkivet.no/view/22987/20

Vel møtt i forumet.

 

Først:  dette er panteregisteret (svarar til "grunnboka" i dag), altså ei oversikt over tinglyste dokument for ein eigedom - med tilvising til panteboka.

Dinest: det er to eigedomar her, bnr.4 til venstre, bnr.3 til høgre (begge under gnr.5.  "Apelland").  Du/de er rimelegvis interesserte i berre den eine.

 

Eigarar av bnr.4 var Jens Christensen frå 1836, Christopher Jensen (son) frå 1878; Rut Østensjø frå 1915; Sylfest Apeland 1916; Laurits M Jensen frå 1922.

Bnr.3: Knud Johnsen; Karen Ommundsd. (1890), Johannes Larsen Apeland (enkemann) (1911) ; Josefine Apeland (1936)(arving etter Karen og Johannes).

Edited by Ivar S. Ertesvåg

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.