Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[LØYST]: Ektepakter frå fyrste halvdel av 1700-talet - Korleis finne fram til desse?


Recommended Posts

Fjaler Gards- og Ættesoge, bd. 3, side 305: "Frå 1718 til 1760 fylgde Anders Lasseson frå Steinset på dette bruket. Han vart g. 1) m. Gjertrud Johannesdtr., dotter til den førre bonden. Barna var Johannes f. 1725. Bendik f. omlag 1724, bonde i Flekke, g. m. Regina Paulsdtr. Flekke. Anders Lasseson fekk kongeskøyte på bruket 1727 for ein kjøpesum på 69 riksdal. 14 sk. I det 2. ekteskapet var Anders Lasseson g. 1733 m. Anne Halvorsdtr. Ho var då 50 år, og dei sette opp 1736 eit dokument om ektepakt. Han hadde odelsrett til farsgarden på Steinset og denne retten seIde han til den yngste broren sin, Anders Lasseson Steinset, for 9 riksdaler. Anders Lasseson d. 1763, 68 år. Anne Halvorsdtr. livde etter mannen. Ho er ikkje nemnd i kjeldene etter 1763".

 

https://www.geni.com/people/Anders-Heggheim-Indre/6000000019056257988

 

Det er nemnt noko om dette i byrjinga av skiftet, som startar på venstre side:

Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 13b (1763-1772), Skifteprotokollside, Side 337b-338a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127610041
 

Teksten er litt vanskeleg å lese, men eg ser ikkje noko om årstalet 1736. I ei skøyte til sonen, Johannes året 1761 er det nemnt skiftebrev etter Anders Lasseson si tidlegare kone (ikkje namngitt), og skiftebrevet var datert 13/3 1733.

Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk, Pantebok nr. II.B.6a (1742-1769), Pantebokside, Side 208
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl20070808181281
 

Også kjelda for opplysninga om alder (50 år) er ukjent, det finst ikkje kyrkjebøker frå Fjaler før 1755.

 

Det skurrar elles litt når det står at Anders og Anne var gift 1733 og sette opp ektepakt i 1736.

 

Eg lurer på om dette dokumentet kan finnast i kjeldene og i tilfelle kvar, eller om opplysningane i bygdeboka dels kjem frå skiftet ovanfor og dels er oppdikta.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Torbjørn Igelkjøn changed the title to [LØYST]: Ektepakter frå fyrste halvdel av 1700-talet - Korleis finne fram til desse?

Jaja, når ein blar og blar finn ein fram til slutt. Registerkorta til pantebøkene for Sunnfjord som nyleg vart lagt ut var det iallefall lite hjelp i her.

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Pantebok nr. II.B.2a (1734-1764), Pantebokside, Side 27
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl20070808170503
 

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.