Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Gammal potetsort - ukjent slektshistorisk opphav


Recommended Posts

Skrevet

Desse potetene fekk far min av ein kollega for omlag 50 år sidan, og dei kan ha blitt dyrka i øyane utanfor Florø for nokre tiår sidan. Sorten er tidleg, og er utsett for tørrote. Som biletet viser er dei kvite/lyse i fargen, og har mange groper.

 

Er det nokon som kan seie kva sorten heiter?

 

1000000770.thumb.jpg.f8a8a6e93709b860446b4fee4652dbd4.jpg

Skrevet (endret)

Kanskje denne eller en variant?

 

image.png.27a8a92208ccfe9561f54166a59f7d0d.png

 

 

 

Endret av Frank Marton Pedersen
  • Liker 1
Skrevet

Eg tykkjer ikkje det ser så likt ut frå biletet. Om ein fyrst skal sjå vekk frå fargen er det vel kanskje andre sortar nemnt i den pdf-fila som kan likne meir.

 

"Svært tidlig" samsvarar heller ikkje. Vi kalla sorten "tidlegpotet", men dei er vel i verkelegheita halvtidleg. I Florø hausta vi i siste halvdel av august/månadskiftet august/september. Kerrs Pink, Beate og Pimpernell var seinare sortar. Pimpernell rakk ofte ikkje å bli skikkeleg utvaksne før lauvet visna eller sesongen var over.

 

Eg fann elles denne sida, som ser ut til å vere litt ferskare enn pdf-dokumentet:

https://www.nibio.no/tema/mat/plantegenetiske-ressurser/kulturplanter-i-norge/jordbruksplanter/potet

 

Mykje av stoffet ser ut til å vere likt.

 

Eg har sendt epost til personen som er oppgitt, så får ein sjå om eg får svar og om det er mogeleg å finne ut noko meir.

 

Tanken bak denne tråden var elles også eit håp om at nokon kunne kjenne att potetsorten.

Skrevet

Her på Søre Sunnmøre (og i yttre Nordfjord etter det eg veit) var der tidlegare ein mykje brukt potetsort som ein lokalt kalla "kronje" eller noko liknande. Eg kjenner dessverre ikkje til bileter av typen på nett og eg har heller ingen eg kjenner til som har sorten pr. i dag. Men utsjånadsmessig kan den likne. Bleikt skal, utsett for tørrote. Gav ofte lite avling.

  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.