Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Rolf Halvorsen, mexicansk gift, kjøpmann på Lauvøy Helgeland 1927-30


Recommended Posts

Skrevet

Rolf Halvorsen var i Amerika, etter tradisjonen i Mexico,  og gifta seg der, og kom heim til Norge med mexicansk kone og svigerforeldre og etablerte seg som handelsmann på Lauvøya i Nordvik Helgeland i 1927: https://www.digitalarkivet.no/tl10060908593264   

 

I 1930 opna han akkordforhandlingar, og gav opp forretningsdrifta og flytta - truleg til Trondheim, men det er usikkert.

https://www.digitalarkivet.no/tl20080130640895

 

Kan einkvan hjelpe meg med spor som kan identifisere kven denne Rolf Halvorsen var? 

 

 

Skrevet (endret)
Skrevet (endret)

Takk, det var langt meir enn eg venta å få av kunnskap. Men det er ikkje første gongen brukarar på dette forumet imponerer. Tusen takk!

 

Eg får ikkje opna My-heritagefilene, og eg forsøkjer meg på ein oppsummering:

 

   
Rolf Halvorsen (1892-1958) var son til Bolette Andrea Houge f. 1853 og Karl Severin Halvorsen f. 1851, urmakarmeister i Ålesund.


Rolf var gift i Nova Scotia 1916 med Ada Hynes (ca. 1897-1961), dotter til Fanny (1864-?) og George Hynes (1854-1932) frå New Foundland. Desse kom til Norge frå Canada i 1927 og flytta etter ei tid til Lauvøya. Søster til Ada het Lottie (1901-?); hun var òg med til Lauvøya. Fanny og Lottie reiste tilbake til Canada i 1932, etter at George døydde.

 

Eg føyer til to barn:

1. Frances Ada (f. ca. 1919), gift med Arne Wenaas.

2. Effie (f. ca. 1922), gift med Ole Guldahl.

Endret av Knut Skorpen
  • Liker 1
Skrevet (endret)

Det ser ut til at Karl Halvorsen, far til Rolf Halvorsen, var bror til Magnus Halvorsen, stortingspolitikaren: Magnus Halvorsen – Wikipedia 

 

Han var svoger til tidlegare eigar av Lauvøya (Paul Smiths eldste søster het Hansine Smith f. 1854 og var gift med Magnus Halvorsen f. 1853). Det kan vere forklaringa på at Rolf flytta nettopp hit! 

Endret av Knut Skorpen
  • Liker 1

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.