Magne Maurset Skrevet Oktober 29 Skrevet Oktober 29 I arbeidet mitt med kyrkjebøker og andre kjelder frå slutten av 1800-talet, har eg kome bort i fleire farsskapssaker, der det ser ut til å vere reist tvil om farsskap til dei døypte barna. Så eg lurer på kva som var vanleg praksis i slike spørsmål. Når ei vordande mor gjekk til presten og ville ha dåp, melde ho vel frå om kven som var barnefaren. Men vart dette sjekka i nokon grad, og i så fall på kva måte? Hadde den oppgitte faren tilsvarsrett, og kva skulle til for at den oppgitte faren vart trudd om han nekta for det? Kunne plassen for far i kyrkjeboka stå tom eller måtte ein skrive inn eit namn? Eller dersom den oppgitte faren av ulike grunnar ikkje var å oppdrive, vart automatisk namnet hans ført inn? Håpar nokon veit noko om dette 🙂
Ingebjørg Mjøs Skrevet Oktober 29 Skrevet Oktober 29 Dersom du Googler spørsmålet ditt får du gode svar fra AI, som henviser deg videre til både Store norske leksikon, Nasjonalarkivet , Norgeshistorie med flere. Jeg skrev inn "Hvordan var saksgangen dersom det var tvil om farskapet på 1880 tallet". Lykke til! Ingebjørg
Nasjonalarkivet - Haakon Hegsvold Sørlie Skrevet Oktober 30 Skrevet Oktober 30 Rettshistorisk gjennomgang av farskapssaker her: https://www.nasjonalarkivet.no/farskapssaker-rettshistorisk-gjennomgang/ Ellers kan jeg av personlig erfaring si at det ikke er helt uvanlig å se bestridte farskap behandlet på tinget i tidlig nytid. Den påståtte barnefaren påsto gjerne at moren hadde vært med flere andre menn i tidsrommet da unnfangelsen skjedde.
Magne Maurset Skrevet Oktober 30 Forfatter Skrevet Oktober 30 18 timer siden, Ingebjørg Mjøs skrev: Dersom du Googler spørsmålet ditt får du gode svar fra AI, som henviser deg videre til både Store norske leksikon, Nasjonalarkivet , Norgeshistorie med flere. Jeg skrev inn "Hvordan var saksgangen dersom det var tvil om farskapet på 1880 tallet". Lykke til! Ingebjørg Eg trudde vel at poenget med dette forumet var å få svar frå folk, ikkje maskiner 😉 Geir Karlsen reagerte på dette 1
Magne Maurset Skrevet Oktober 31 Forfatter Skrevet Oktober 31 På 30.10.2026 den 8.09, Nasjonalarkivet - Haakon Hegsvold Sørlie skrev: Rettshistorisk gjennomgang av farskapssaker her: https://www.nasjonalarkivet.no/farskapssaker-rettshistorisk-gjennomgang/ Ellers kan jeg av personlig erfaring si at det ikke er helt uvanlig å se bestridte farskap behandlet på tinget i tidlig nytid. Den påståtte barnefaren påsto gjerne at moren hadde vært med flere andre menn i tidsrommet da unnfangelsen skjedde. Takk for svar. I det du lenkjer til står det at: "...den utlagte far ble frifunnet hvis han ved sin ed benektet å ha hatt legemlig omgang med moren «til saadan Tid, som af Retten bestemmes», I saka eg har undersøkt, er det akkurat dette som skjer. Han avlegg ein eid på at han ikkje er far til barnet. men likevel står han oppført som far i kyrkjeboka. Altså, var det slik at ein ikkje sletta det som stod i kyrkjeboka uansett kva som kom fram på eit seinare tidspunkt?
Sigurd Eliassen Skrevet November 1 Skrevet November 1 (endret) Eg har kopi av ein dom frå 1928 der barnefaren som er oppførd i klokkarboka, vart frikjend for farskapet. Det er ikkje noko opplysing om dette i klokkarboka. Seinare er det fastslått med DNA kven som var barnefar - og det var ikkje han i klokkarboka. Endret November 1 av Sigurd Eliassen
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet November 3 Skrevet November 3 På 1.11.2026 den 21.18, Sigurd Eliassen skrev: Eg har kopi av ein dom frå 1928 der barnefaren som er oppførd i klokkarboka, vart frikjend for farskapet. Det er ikkje noko opplysing om dette i klokkarboka. Seinare er det fastslått med DNA kven som var barnefar - og det var ikkje han i klokkarboka. Same her! Det var utan tvil lettare for far enn for mor å få medhald i påstanden sin - det er mi ærbødige meining.
Magne Maurset Skrevet November 5 Forfatter Skrevet November 5 Ok, så det fungerer slik at dersom den oppgitte barnefar avlegg eid på at han ikkje er far, blir han som hovudregel trudd på dette? Men det blir ikkje gått inn og gjort endringar i kyrkjebøkene likevel? Då kan det vel kanskje seiast at mor fekk siste ordet likevel 😉
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet November 5 Skrevet November 5 4 minutter siden, Magne Maurset skrev: Ok, så det fungerer slik at dersom den oppgitte barnefar avlegg eid på at han ikkje er far, blir han som hovudregel trudd på dette? Men det blir ikkje gått inn og gjort endringar i kyrkjebøkene likevel? Då kan det vel kanskje seiast at mor fekk siste ordet likevel 😉 Dei tilfella eg har sett, står det merknad om at han er frifunnen for farskapen, men han blir ikkje stroken, sidan det ikkje er komen inn nokon ny fars-kandidat. I somme tilfelle ser eg at mor blir ståande åleine ved neste kyrkjelege handling, som er konfirmasjonen. Det er gjerne ikkje så dumt å la far stå oppført sjølv om han er frifunnen. Eg har to tilfelle der dna-prøver stemmer med at den skrivne faren verkeleg er far, sjølv om han har avlagt aldri så mykje eid. Magne Maurset reagerte på dette 1
Magne Maurset Skrevet November 5 Forfatter Skrevet November 5 8 minutter siden, Aase R Sæther - Gloppen skrev: I somme tilfelle ser eg at mor blir ståande åleine ved neste kyrkjelege handling, som er konfirmasjonen. Det er det same i mitt tilfelle. Aase R Sæther - Gloppen reagerte på dette 1
Aase R Sæther - Gloppen Skrevet November 5 Skrevet November 5 (endret) 2 minutter siden, Magne Maurset skrev: Det er det same i mitt tilfelle. DNA kan sannsynleggjere / avkrefte farskap ganske langt tilbake i tid. Min rekord er 1769, der vi har avslørt at den gravide brura gjekk med eit barn som brudgommen ikkje var far til. Men der var vi heldige og hadde rein mannslinje. Endret November 5 av Aase R Sæther - Gloppen
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå