Mats Kalstad Skrevet 8 minutter siden Skrevet 8 minutter siden Eg har funne eit brev datert 15. april 1594, der Jørgen Kruckow overfører jord på Fimreite til Gaute Torbjørnsson Dall, som blir omtalt som svogeren hans. Eg ønskjer difor å finne ut kva slektskapsforhold dei faktisk hadde, og om Gaute kan ha vore gift med ei kvinne frå Kruckow-slekta. Eg har sett opplysningar om at kona hans heitte Birgitte, men har ikkje funne sikker dokumentasjon på kven foreldra hennar var. Kjenner de til eldre dokument, arveoppgjer, jordebøker eller slektsgransking som kan kaste lys over dette? Eg er særleg interessert i dokument som kan stadfeste kven Gaute var gift med, og korleis han var knytt til Jørgen Kruckow.
Recommended Posts
Logg inn for å kommentere
Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn
Logg inn nå