Hei alle kjende (og ukjende!)
Medan dette emnet utviklar seg på ymse vis, finn eg det no turvande med ein ny kort helserapport!
Sidan juli i fjor har det berre gått framover. Vekti mi er gått ned ytterlegare 20 kilo, og eg har nådd vekti som eg hadde for snart 30 år sidan! På grunn av eit fotsår som hadde vanskar med å gro, laut eg utsetja favorittsporten min, symjing, i lang tid, og so kom denne Coronaen som stengte symjebasseng over alt. Men eg var mange veker i Cannes i sommar og symte timevis kvar einaste dag i krystallblått Middelhav, og sidan har eg halde fram med symjetrening fire timer annankvar dag i dette stilige (og coronafrie) bassenget i Tirol, og det går betre og betre: https://www.alpenbad-leutasch.com/bereiche/alpenbad/
Eg er no på leiting etter eit anna (coronafritt) basseng som ligg noko nærare heimen min....
Den største plagen min pr. i dag er ryggen, som enno ikkje er heilt «patent», men med sykling og symjing går det jamt og trutt framover. Eg har vinne att fridomen til å farta overalt med bil og til beins, om enn med krykkar, men gudskjelov er det tross alt eit «luksusproblem» mot kva eg opplevde i fjor! Om ein månad vert eg 67 og «offisiell» pensjonist!
Eg ser svært positivt på livet og gler meg over kvar einaste dag. Eg lever tross alt på «lånt» tid etter at eg fire gongar i livet (1974, 1993, 2012 og 2019) har vore ganske so «nære på».... Det er vel berre katta som har fleire liv enn det...
So vonar eg at de alle held dykk langt unna Coronaen og at de har det godt! Livet er det mest verdifulle me har!