Eg var på tur til å seia nei her, men så sjekka eg skiftet etter Per Larsson i 1769, kor det er nemnt:
“en Koe Morgenstiærne kaldet som blev andmeldet at være Bæstemoderen Anne Christensdatter tilhørende. –”
Dette høver elles bra med oppattkallinga, då døtrene til Per Larsson var kalla Anne, Embjørg og Anne. No er det ikkje 100 % sikkert at det er farmor eller mormor det er prat om her, men sidan Lars Persson vart gravlagt frå Stivingen ti år tidlegare, er det ikkje utruleg at kona hans budde der ti år seinare. Eg finn ikkje Anne som avliden, men ho kan ha gått bort i tidsrommet 1783-1786, kor det er lakune i gravferdslistene i kyrkjeboka for Lom.
I same skifte får me i tillegg opplyst opphavet til busetjinga på Stivingen: “Gaardeparten Styvengen af Skyld 1 huud der forhen har ligget som et Engeland under Gaarden Qvaale men nu er odelsEyende”. Dette peikar vidare til at Lars Persson kan vera den Lars Persson, f. kring 1691 på Nordgard Kvåle i Skjåk, med foreldra Per Larsson og Torø Jakopsdotter, som tok over etter mora i 1722, men som etterkvart må (ha) gå(tt) frå garden.