I dette skiftet får vi vite at Torbjørn døydde barnlaus.
Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord, Skifteprotokoll nr. A 10 (1747-1750), Skifteprotokollside, Side 87b-88a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128630669
Enkja har lite greie på slekta til mannen, og vi endar med ei summarisk opplisting:
Broder Rasmus, boede ved Randenøstene (det er i Innvik-soknet)
Broder Jon, boede paa Røraas
Broder Jakob, boede i Bergen
Søster Gjertrud, boede i Bergen
"hvilke alle skal have efterladt sig børn, men hvor mange vides ikke".
Det er grunn til å tru at dette skiftet i Bergen dreiar seg om "vår" Gjertrud; namnet er ikkje særleg vanleg. Ho har då vore gift med Casper Olsen og har 2 døtre.
Bergen fylke, Bergen, Skifteprotokoll nr. C 2b (1734-1737), Skifteprotokollside, Side 462b-463a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081111630221
Det er ein muleg ulempe at ho er kalla Tønesdatter tidlegare - https://www.histreg.no/index.php/person/pv00000000541902
Men kva med dei tre brørne - kan nokon finne dei?
Det finst ein Rasmus Torbjørnson Sølvberg i Innvik på denne tida, men han er i live i 1748, og kan knytast til ein annna familie.