Vel møtt i forumet.
For ordens skuld: deltakarane her er "glade amatørar", og det som vert "produsert" her er ikkje eigna til
formell og juridisk bruk.
Det første utsnittet er frå panteregisteret (forløpar til grunnboka), og det er for Matrikkelnr. 70, Løpenummer 217b Kvitne.
I 1886 vart nummersystemet gjort om, gardsnr. 39/ bruksnr. 2 erstatta matrikkelnr/løpenr.
Den første innførsla er
"Adkomster og heftelser som foran fol. 143 til
og med Skyldsætningen af 1869".
"Skjøde far Mons Olssen Rein til Jørgen Samsonsen
Kvitne paa dette Brug for 400 Spd. dat 18
Oktober 1869, thl. 14 Mai 1870 ... | 212."
Det første viser til registersida for Mnr.70/Lnr.217 på oppslaget framom; - den 2. lenkja di.
Om lag 1/3 ned på sida står
"Skyldesætning af 21 Juni 1869 thl. 4 Mai 1870, hvorved
d. ?? er fraskilt 1/4 = 3 ort 6 s" ... | 212." | v.[vide= sjå, latin] Fol. 144
Så kjem to horisontale linjer med det nye løpenr. for rest-eigedomen, "LNo 217a Kvitne af ..."
"122" står for fol.[folium, blad] 122, og i dette tilfellet på baksida, s. 122 av blad 122. Det er den første lenkja di, og så eitt oppslag bak:
https://www.digitalarkivet.no/tl20070910311337
Men det står neppe det du ser etter:
Nede til venstre
"34. Delings og Skyldsætningsforrretning af 21 Juni 1869 paa
Kvitne i Kinservik Thinglag, see Publ.Pr. fo
Udskiftninger. Fol."
Ikkje noko meir. Det finst tydelegvis ein eigen protokoll for utskifting og skylddelingar. Uheldigvis for deg gløymde dei å føre inn
blad-nummeret. (fol.) Om du finn protollen, står det nok likevel nokså strengt kronologisk etter tinglysingsdato.
nr. 35 er skøytet