Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Torger Johannesson Sandvig frå Luster og Mari Atlesdotter Vindedal frå Lærdal - utvandra i 1867, men kvar i all verdi er denne utvandringi ført? - passasjerliste?


Recommended Posts

Denne jenta vart døypt i Domkyrkja i Bergen 23.12.1866: Gjertrud, fødd «uekte» 6.12.1866: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007448794

 

Foreldri var:

* Torger Johannesson (Sandvig) (fødd i Luster 17.1.1834)

* Mari Atlesdotter (Vindedal) (fødd i Lærdal 28.3.1836)

 

Dette parfolket skal ha utvandra våren 1867 (med dotteri), og dei gifte seg i Vernon Co., WI 21.7.1867 etter dei var framkomne!

 

Truleg følgde søsteri hans:

* Martha Johannesdotter (Sandvig) (fødd i Luster 17.7.1838)

 

med dei til Amerika på same tid!

 

Torger og Martha er ikkje førte som utflyttarar frå Luster i 1867, og eg har saumfare Québec-lista for 1867, men finn ikkje spor etter nokon av desse folki!

 

Er eg fullstendig blind vorten, eller kan dei dukka opp i andre passasjerlister, som til dømes hjå My Heritage?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Richard for nye interessante innlegg!

 

Utfordringi med denne utvandringi som utifrå dei ulike hendingane MÅ ha finne stad i 1867, kan heller ikkje eg forklara på noko vis.  Siste sjansen måtte vera at det til dømes, som eg òg er inne på i innlegg #1, hjå My Heritage skulle dukka opp ei for oss ukjend passasjerliste over ankomster til Québec - eller sogar til ei hamn på den amerikanske austkysten - frå 1867!?

 

Eller kan det tenkjast at dei er utvandra via til dømes Hamburg eller ei britisk hamn utan å segla frå Bergen?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki!

Hjarteleg takk til Jon for siste meldingi frå i aftes.

 

Eg har no blatt meg gjennom passasjerlista for 237 Moravian, men fann ikkje Torger eller nokon av dei andre på denne lista.  Men Jon, er det so at du har finne dei på denne lista, kan du då seia meg på kva side dei står?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om desse emigrantane!

Lars:  Nei, NJET !

 

Innlegg #5 er kun ein innfo om innvandring til Amerika, i dette fallet: Kanada i 1867.

I # 5 kom eg inn på ein båt, m/ 13 mikrofilm som var fotograferte.

 

Dersom vi serier 10 multiplisert med 115 skip får ein bortimot 1.200 sider m/ micro-film å lesa på.

————

 Mogelig at eg ein myrk haustkveld vil gå gjennom Brødrene, nr 255 m/ sine 12 sider å då sjekka om samtlige som var med det er komen med på Gamle DA, nyttige lenker. 

Men ikkje i dette fin-vêret vi har no. 

3 timer siden, Jon Sværen skrev:

Mogelig at eg ein myrk haustkveld vil gå gjennom Brødrene, nr 255 m/ sine 12 sider

 

Det har eg alt gjort utan positivt resultat, men det er fleire skip som har Bergen som avreisehamn, ser eg. Og andre hamner i Noreg, Stavanger, m.a.

Hjarteleg takk til Jon og Richard for nye interessante innlegg om den kjempeutfordringi det er å finna sjølve utvandringi til denne huslyden!

 

Det skal so visst ikkje vera so enkelt, og det ligg mange timers lesing framfor oss om me skal gå igjennom alle dei oppførte listene...

 

Men eg vonar me er heldige og greier løysa denne nøtta og takkar på ny for alle gode tips!

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.