Gå til innhold
Nasjonalarkivet

Recommended Posts

Skrevet


Eg tenkte eg skulle finne ut litt meir om morsfamilien til Johan Friis, f. 5. juli 1921 i Bergen som uekte barn til o.r.sakf. Henrik Friis, f. 1859 og Gudrun Fosteland. Han omkom då det fyrste norske skipet, M/S Ronda, vart minesprengt på reis mellom Belgia og Noreg 13. september 1939.
Farsfamilien er ein velkjend handelsfamilie, men iflg. Våre falne, var mora Gudrun Fosteland, d. 1935. Eg reknar med at etternamnet er feilskrive, sidan eg ikkje finn det i FT 1910, ei heller i adressebøkene for Bergen 1920 eller 1924-1925.
Eg har heller ikkje funne fødselen til Johan i kyrkjebøkene for Bergen som er digitaliserte, men han vaks visst opp hjå faren i Rugsund.
Håpar på litt hjelp her.

Våre falne:
http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=vaarefalne1&sideid=652&storleik=

Skrevet

Folkebladet for Sogn og Fjordane, 25.05.1943

Dødsfall 1943.jpg

  • Liker 1
Skrevet

Du verden! Her var det mange opplysningar. Eg hadde jo ein mistanke om at etternamnet Fosteland måtte vere feil sidan eg ikkje fann det nokon stad.
Tusen takk til superspesialistane Ann Mary og Grethe!

Så står det att å finne dåpen til Johan. Eg har leita sjølv utan hell i kyrkjebøkene for Bergen, men kan hende eg har oversett noko?

  • Liker 2
Skrevet

Takk for hyggelig tilbakemelding!  🙂

  • Liker 1
Skrevet

Hvis han vokste opp hos faren i Rugsund, kanskje han ble konfirmert der. Da må du i så fall henvende deg til Arkivverket/Statsarkivet i Bergen og be om oppslag i kirkeboka. Konfirmasjonen kan si noe om fødselsdato og fødested. 

  • Liker 2
  • 2 år senere...
Skrevet

Her fann eg han i sjømannsarkivet.

 

6325C192-5D67-4C9C-8CFD-81B36BC9E6E7.jpeg

F9F06BB1-369D-463C-8446-D386963429F1.jpeg

Skrevet

Eg ser i sjømannsrullane at han er fødd 5. juni, ikkje juli, 1921 i Fjellberg, ikkje i Bergen, som det står i Våre Falne.

Er det nokon som har tilgang til kyrkjeboka for Fjellberg som kan sjekke dette?

Skrevet

Dødsannonsa i Bergens Tidende.

 

72601BFF-58B8-4FD1-8517-298D07AE53C7.jpeg

Logg inn for å kommentere

Du vil kunne skrive en kommentar etter at du logger inn



Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.